24.02.2012

Bruktbutikkguide


Det er ein del som har spurt meg kor det er eg handlar mest second hand klede, så her tenkte eg å leggje ut ei oversikt. Dette er ingen komplett liste, men er gode tips for dei som bur i bergensområdet.

Mamilla:
Mamilla ligg på danmarksplass, rett over hovudvegen nær bybanestoppet. Dette er ein koselig butikk kor dei har litt av alt til ein rimeleg penge. Her er det ofte fine skinnvesker å få tak i, men også ein del klede og somme smykkar, ringar og armband.  Viss du er glad i hekledukar er dette også rette butikken å gå inn i! Dei som arbeidar her jobbar på frivillig basis, dvs at pengane som kjem inn kan gå til ulike gode prosjekt rundt om i verden.
Opent måndag til fredag frå 11-17 og laurdag frå 11-14(?)
Adresse: Fjøsangerveien 45, 5054 Bergen

Brukthuset:
Brukthuset ligg på Haukeland, mellom Nesstun og Arna.  Det er ein stor bygning som ligg nært vegen, og skal vere lett å få auge på. Butikken er på heile tre etasjar, men berre ein halv etasje er med klede. Her har eg gjort mine beste veskefunn, og får alltid lyst på ei ny når eg besøkar butikken. Og sjølv om det ikkje er så mange klede kan du vere svært heldig. Eg har bl. a funne ein nydeleg kjole som eg gjekk med i bryllaup, til berre 30 kr. Dei som arbeidar her jobbar også på frivillig basis slik som på Mamilla
Eg er litt usikker på opningstidene, men det er i alle fall opent onsdag til fredag frå 12-15 eller 17.
Adresse: Nordhagen, 5268 Haukeland

Fretex Laugunen
Dette er min mest besøkte Fretex butikk, mykje pga beliggenhet, pris og utval av klede. Den ligg i laguneparken, nær bl.a Lefdal.
Opent måndag til fredag frå 10-21 og laurdag til 18.

Fretex Åsane:
Her likar eg meg godt! Kan bl. a finne retro klede til ein ok pris. Er ein stor og oversiktleg butikk.
Opent måndag til fredag frå 11-17, usikker på laurdag.

Fretex Bystasjonen:
Stor butikk med ein del utval, men kanskje litt dyrare pga at den ligg i sentrum i nærleiken av bystasjonen (mot grieghallen)
Opent måndag til fredag frå 11-17, usikker på laurdag, og til 19 på torsdag.

Fretex gågaten:
Her er det dyrare pga beliggenhet, men dei har bl. a ein stor avdeling med retro klede.
 Opent måndag til fredag frå 11-17, usikker på laurdag.

Utanom dei overnemnde er det bl. a tre gode second hand butikkar i Skostredet i sentrum, og ein på minde som heitar den Grønne baljen (Denne har eigen blogg)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar